Forklaringsartikkel
Whipstock

Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Whipstock er ein kile som blir sett i brønnen. Kilen skal leie borestrengen ut til sida gjennom brønnveggen slik at vi kan bore eit sidesteg frå hovudløpet.
Kilen blir ankra i fôringsrøyret i brønnen og tettar slik at det ikkje er ope til brønnen under whipstocken. Når sidesteget er ferdig, kan kilen trekkjast ut av brønnen.
Utstyr og metodar til å bore sidesteg blei utvikla i USA på slutten av 1920-talet.