Forklaringsartikkel
GOR, gass/olje-forhold

Gass blir skild ut frå olja i produksjonsrøyret. Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
GOR er ei forkorting for det engelske uttrykket "gas/oil ratio". Det beskriv kor mykje gass det er i forhold til olje i eit gitt volum.
Når olja blir produsert til overflata, blir det skilt ut gass frå råolja som følgje av trykkfall på veg frå reservoaret opp til overflata. Forholdet har mykje å seie for dimensjoneringa av overflateutstyret som skal ta imot og behandle råstoffet på overflata.
Forholdet mellom olje og gass kan òg påverke eigenskapane i brønnstraumen.
Typiske GOR-verdiar for råoljer frå norske oljefelt er i intervallet 50–300 Sm³ gass / Sm³ råolje.