Fôringsrøyr

Fôringsrøyr er røyr som blir brukte til å støtte og sikre brønnen. Fôringsrøyr heiter casing (uttalt keising) på engelsk, og casing blir ofte brukt i norsk fagspråk.
Røyret er ca. 10–12 meter langt og har gjenge i begge endar. For å fylle hòlet med røyr må flere røyr skruast saman til ei lengd som passar til brønnen. Det kan vere fleire tusen meter med fôringsrøyr i ei hòldimensjon.
Når fôringsrøyra er installerte i brønnen, blir dei sementerte på utsida, mellom hòlet og røyret. Røyret og sementen støttar og sikrar hòlet før ein borar vidare mot målet.
Når eit hòl er ferdig fôra, borar ein eit mindre hòl ut frå botnet av det førre, slik at brønnen kan bli endå lengre. I dette hòlet blir det òg installert fôringsrøyr frå toppen av brønnen til botnen av hòlet.