Forklaringsartikkel
Kompensering

Å kompensere betyr å oppvege, utjamne, erstatte. Når ein kompenserer for noko, rettar ein opp ei forandring eller unøyaktigheit, eller skaper ein balanse.
På flytande installasjonar bruker ein stigerøyrskompensering og borestrengskompensering. Borestrengskompensering er eit system for å lage ei rørsle som verkar motsett av dei vertikale bølgjerørslene, slik at borestrengen blir ståande i ro i høve til borehòlet (brønnen).