Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Loggeverktøy

Når vi skal undersøkje ein brønn og bergartane han er bora gjennom, bruker vi fleire ulike loggeverktøy.

Loggeverktøya blir monterte saman og festa i ein kabel (wireline) eller i nedste del av borestrengen. Loggeverktøyet blir deretter senka ned i brønnen og sender ut lydsignal eller bruker radioaktive strålingar til å innhente informasjon. Signal blir tekne imot i eit punkt i verktøyet. Det ein måler, er som regel styrken på svaret eller tida det tek før svaret kjem tilbake. Svara blir gjorde om til forståeleg informasjon i dataprogram og presenterte som teikningar og i tabellar.

Ved å logge ein brønn kan vi innhente informasjon om tettleiken og porøsiteten til bergartane og kva type væske (vatn, olje og gass) det er i porene i bergarten. Med loggeverktøy kan vi dessutan innhente informasjon om dei indre delane av og retninga til brønnen.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 01.10.2020