Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

HPU

HPU er forkortinga for det engelske omgrepet "hydraulic power unit".

HPU-en leverer hydraulisk væske med trykk til andre komponentar i eit hydraulisk system, til dømes ventilar som skal opnast eller stengjast med hydraulisk kraft.

Ein HPU består i hovudsak av motor, pumpe, ein tank med hydraulikkvæske, filter og røyr der væska går vidare. Nokre anlegg har òg akkumulatorflasker, som er lagerbeholdarar for trykk.

Motoren på HPU-en driv pumpa som leverer væska til det hydrauliske systemet.

Hydrauliske sylindrar og ventilar som opnar og stengjer med eit gitt trykk, må ha trykkleveranse frå ein HPU.

Iron roughneck, BOP, ramrig, ventiltre og DHSV bruker HPU, som leverer trykk i den hydrauliske væska direkte eller via akkumulatorflasker.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 03.10.2020