Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Borekaks – kaks

Når vi borar i stein, blir det brote laus store og små bitar. Desse kallar vi borekaks eller berre kaks. Bitane blir førte ut av brønnen saman med borevæska, som blir sirkulert i holet mens vi borar. Kakset blir skilt ut frå borevæska i reinsesystemet på riggen.

Om vi studerer storleiken og forma på bitane, kan vi sjå kva type bergart vi borar i, og vurdere hardleiken til bergarta og effektiviteten til borekrona.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 09.06.2021