Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Felle-struktur

Olje (og gass) finn vi i inni ein porøs bergart djupt under havbotnen. For å hindre olja frå å lekkje opp til havet må det liggje ein tett bergart over den porøse. Den porøse bergarten blir kalla ein reservoarbergart, og den tette bergarten blir kalla ein takbergart.

Når bergartane ligg slik, blir det kalla ein felle-struktur.

Ikkje alle felle-strukturar inneheld olje eller gass, men det er slike strukturar vi leitar etter for å kunne finne olje eller gass.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 04.10.2024