Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Kalkstein

Kalkstein er ein sedimentær bergart som er danna av korallar, mikroorganismar og dyr med skal eller skjelett som alle lever i havet. Når dei døyr, blir dei kalkhaldige delane frå skjeletta og skala samla i lag på havbotnen. Laga blir dekte av meir materiale, og etter kvart blir dei herda og omdanna til kalkstein på grunn av auka trykk og temperatur.

Krit er eit døme på ein type kalkstein.

Kalkstein fungerer bra som reservoarbergart fordi han har høg porøsitet.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 02.11.2024