Forklaringsartikkel
Ballast
I pongtongane til riggen er det ballasttankar.
Ballast er ekstra vekt som blir teken om bord i skip og riggar for å søkkje fartøyet litt ned i vatnet. Det gjer skipet eller riggen meir stabil.
I gamle dagar var skipsballasten jord eller sand som ofte inneheldt frø frå andre verdsdelar. Slik fekk vi nye planteartar fleire stader i landet.
I dag er det vanleg å bruke sjøvatn som ballast. Vatnet blir pumpa inn i tankar som ligg i dei lågaste områda om bord. Når tankane blir fylte med sjøvatn, stikk fartøyet djupare ned i vatnet. Når det ikkje er behov for ballast, blir tankane tømde for sjøvatn. Då stig fartøyet og ligg høgare i vatnet.
For å hindre flytting av maritimt liv skal nye fartøy ha reinsesystem til ballastvatnet.