Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Aktuator

Ein aktuator er ein komponent som beveger noko anna. Aktuatorar blir mellom anna brukte til å fjernstyre ventilar frå eit kontrollpanel.

Når aktuatoren får eit signal, kan han utføre eit arbeid.

Aktuatoren står mellom signalgivaren og det som skal bevegast, til dømes ein ventil. Når aktuatoren då får eit signal, kan han skifte posisjon i ventilen.

Aktuatoren blir driven ved hjelp av trykkluft, hydraulikkvæske, elektrisk spenning eller straum.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 13.04.2021