Arbeidsstreng
Arbeidsstrengen blir kalla "toolstring" eller "workstring" på engelsk. Utstyr som skal inn i ein brønn, må festast til ein arbeidsstreng på overflata. Kva type arbeidsstreng vi skal bruke, vel vi ut frå lengda og vinkelen på brønnen. I tillegg ser vi på kva som gjer jobben raskast.
Til boring og når vi skal føre tungt utstyr langt inn i brønnen, bruker vi ein borestreng som består av mange ulike typar borerøyr.
Når vi skal køyre lett utstyr, kan vi bruke mekanisk kabel ("wireline") til jobben. Dersom vi treng ein brønntraktor, eller dersom utstyret skal samle inn informasjon, bruker vi ein elektrisk kabel som sender signala direkte til overflata.
Vi bruker kveilerøyr ("coiled tubing") eller borerøyr når vi har behov for å sirkulere væske i brønnen.