Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Assembly

Assembly er eit engelsk ord. Det kjem av verbet "to assemble", som betyr å samle eller å setje saman.

I offshoreindustrien blir ordet brukt for å beskrive eit produkt som består av fleire røyrkomponentar som er skrudde saman slik at dei kan køyrast samla inn i ein brønn.

Eit assembly blir laga på verkstaden på land og blir sendt offshore. Eit ferdig assembly blir dokumentert på eit skjema med tekst og teikning. Dette viser kvar komponentane er plasserte, lengda og dei ytre og indre måla.

Ordet blir brukt i ulike disiplinar: boring, komplettering og brønnservice.


Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 23.01.2025