Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Akkumulator

Akkumulator er ei trykkflaske som fungerer som energibank på den same måten som batteri. Akkumulatorar blir brukte som trykkstøtte til hydrauliske og pneumatiske anlegg.

Akkumulatorflasker er metallflasker som er godkjende for trykk. Tanken på ein luftkompressor er ei slik akkumulatorflaske. Ei pumpe komprimerer luft og lagrar ho i flaska. Frå flaska tappar vi ut luft til verktøy eller ventilar. Når trykket i tanken kjem ned til eit lågt nivå, startar pumpa og fyller flaska igjen.

På hydraulikksystemet til BOP-en offshore er det elektriske og pneumatiske pumper som leverer trykk til mange akkumulatorflasker. Frå trykkflaskene går det hydraulisk trykk som blir brukt til å skifte posisjon på ventilar i BOP-en. Trykket skal rekke til å stengje og opne ventilar nokre gonger sjølv om pumpene ikkje verkar.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 23.11.2020