Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Akselerator

Ein akselerator er eit verktøy som kan ladast med ekstra energi ved å trekkje på han i lengderetninga. Han kan vere hydraulisk (stempel) eller mekanisk (spiralfjør). Akseleratoren blir montert i verktøystrengen (BHA) saman med ein jar (slagverktøy) og blir køyrd inn i brønnen. Verktøyet blir brukt til å slå på utstyr som står fast i brønnen, for å løyse det.

Akselerator og jar kan brukast både i borestreng og på kabel (wireline).

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 11.12.2024