Arbeidsløyve (AT)
Eit arbeidsløyve (AT, etter "arbeidstillatelse") er eit dokument som blir brukt til å planleggje arbeidsaktivitetar i eit avgrensa område. Føremålet med AT er å hindre feil og farlege situasjonar ved å lage ei oversikt over alle typar arbeid som skal utførast samstundes.
Arbeidsløyvet skal fyllast ut og gjennomgåast med områdeleiar og utførande personell. Ein skal alltid vurdere om det er nødvendig med ein sikker jobb- analyse (SJA) for oppdraget.
Det er to ulike arbeidsløyve offshore: AT1 og AT2.
AT1 har ei varigheit på 12 timar og kan forlengjast med inntil 4 timar dersom det er same personellet som skal halde fram på arbeidet.
AT2 blir nytta for arbeid over ein lengre arbeidsperiode.
Søk på nettet etter "088 – Norsk olje og gass Anbefalte retningslinjer for Felles modell for arbeidstillatelser (AT)".