Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Asfalten

Asfalten (uttales asfaltˈen) er hydrokarbonsambindingar som òg kan innehalde mindre mengder nitrogen, oksygen og svovel.

Nokre råoljer inneheld asfalten, som blir skilde ut når olja går frå reservoaret til overflata. Det kan skape problem med avsetjing innvendig i produksjonsrøyr, prosessanlegg og transportrøyr. Ofte løyser ein slike problem ved å injisere kjemikaliar i brønnen slik at det ikkje blir skilt ut asfalten i røyra. Nokre gonger må ein reinse produksjonsbrønnane med kjemikaliar for å fjerne avsetjingar i ryøra. Asfalten er løyselege i benzen og karbondisulfid.

Asfalten er òg eit sluttprodukt etter raffinering av råolje. Asfalten utgjer hovudkomponentane i asfalt og er òg ein av komponentane i tunge fyringsoljer.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 05.10.2020