Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

BOP

BOP er ei forkorting for engelsk "Blowout Preventer" og blir uttalt b-o-p. På norsk heiter det "utblåsingssikring". BOP-en er ein del av barrierane som skal hindre olje- og gassutslepp frå brønnen til miljøet utanfor.

BOP-en blir montert på toppen av brønnen når ein skal gjennomføre bore- og brønnaktivitetar. Han består av fleire ventilar som kan stengje brønnen heilt, òg rundt utsida av røyr som er på veg inn eller ut gjennom BOP-en. Det er òg montert ein kutteventil i BOP-en, som kan kutte borerøyr dersom det er nødvendig.

Når brønnen skal produsere olje eller gass, er det ikkje ein BOP, men eit ventiltre som står på toppen av brønnen.


Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 11.12.2024