Barriere

Ein barriere er noko som skal redusere risikoen for eller hindre feil, fare eller ulykke. Det finst tekniske, operasjonelle og organisatoriske barrierar.
Ein teknisk barriere kan vere eit rekkverk på ei trapp. Rekkverket skal hindre at nokon fell ut av trappa. Det kan òg hindre fall i sjølve trappa ved at dei som bruker trappa, held i rekkverket.
Ein operasjonell barriere er dei handlingane eller aktivitetane som må utførast for å lage ein barriere.
Organisatoriske barrierar er dei som jobbar med å etablere barrierar, og dei som har kompetanse og forståing for korleis barrierar må utformast.
I samband med bore- og brønnarbeid blir hydrostatisk væsketrykk og BOP-ventilar brukte som sikring i og på brønnen. Når oljeproduksjonen er starta, er det også fleire barrierar i og på brønnen.