Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Roller cone bitrock bit

"Roller cone bit" og "rock bit" er engelske namn på det vi kallar rulleborekrone på norsk. Det er ei borekrone med to kjegler som roterer rundt sin eigen akse, og ei fastmontert kjegle. Ytst på kjeglene er det taggar laga av eit hardt metall, som blir rulla mot bergarten og knuser han til mindre bitar.

For at borekrona skal kutte steinen, må vi setje vekt frå borestrengen på borekrona, og borekrona må roterast mot botnen. Då kuttar taggane bitar frå bergarten. Bitane, som blir kalla borkaks, blir skylde vekk med borevæska som kjem ut gjennom dyser i borekrona. I toppen er det eit pin-gjenge som passar til utstyret på borestrengen.

Denne typen borekrone passar best til bergartar som er middels harde, og blir derfor brukt i toppdelen og midtseksjonen av ein brønn.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 18.11.2020