Forklaringsartikkel
Vektrøyr – drill collar

Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Vektrøyr heiter "drill collars" på engelsk og blir forkorta til DC.
Vektrøyra har ekstra tjukk røyrvegg for å oppnå mest mogleg vekt per meter. Dei blir brukte nedst i borestrengen for å leggje vekt på borkrona, slik at borkrona klarer å knuse bergarten vi borar i.
Røyra har same type gjenge som tunge borerøyr (HWDP) og vanlege borerøyr (DP). Den indre diameteren er lik som på andre røyr i borestrengen, derfor er den ytre diameteren på røyra omtrent like stor som gjengeboksen. Den ytre overflata kan vere spiralforma slik at væska som strøymer forbi, held god fart.