Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Kickoff point (KOP)

Kickoff point (KOP) kjem frå engelsk og beskriv det djupet i brønnen der vinkelen skal aukast eller reduserast frå den retninga brønnen har. Ein brønn kan ha mange KOP, eitt for kvar retningsendring.

Brønnen blir først bora vertikalt for å danne grunnlaget for forankringa. Når forankringa til brønnen er sett, kan boringa begynne å rette seg utover og nedover mot reservoaret. Verktøy nedst i borestrengen, i BHA, kan endre vinkel og retning undervegs i boringa.

Vinkelendringa skjer gradvis over fleire titals meter per vinkelgrad til vi har fått vinkelen vi vil ha på brønnen.
Deretter borar vi brønnen framover i same retning til reservoaret.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 14.09.2020