Forklaringsartikkel
Packer – pakning

Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Packer er eit engelsk ord som beskriv ei tetning mellom to røyr.
Ein packer består av eit røyr med ein ring av gummi på utsida og kilar som kan feste packeren i eit anna røyr, til dømes i ein brønn.
Packeren blir køyrd inn i brønnen, der han blir sett ved å utvide dimensjonen på kilane. Gummipakningen tettar mellom dei to røyra når dimensjonen på gummiringen blir utvida. Då blir all væske og gass ført på innsida av røyra til packeren.
Det finst mange ulike sette- og tettemetodar for packerar.
Eit motstykke til ein packer er ein plugg som tettar heile innsida av røyret han blir sett i. Det vil hindre væske og gass frå å gå forbi.