Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Faststoffinnhald

Faststoffinnhald er veldig små partiklar som ikkje løyser seg i syre eller væske.

I borevæske tilset vi faststoff som skal tette porer i formasjonen, slik at ikkje borevæska lek ut i formasjonen frå brønnen vi borar.

Faststoffet som dekkjer overflata på hòlet, blir kalla filterkake.

Bentonitt er eit faststoff som er mykje brukt i borevæska.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 03.09.2020