Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Pigg

Pigg, av engelsk "pig", forkorta frå "pipeline inspection gauge", er ein plugg med gummitetning mot eit røyr. Piggen blir skyvd gjennom røyret ved hjelp av væske som blir pumpa bak han. Piggar blir brukte til ulike oppgåver som å inspisere innsida av eit røyr, reinse og skrape det og måle innvendig diameter i røyret.

Den teknologiske utviklinga har gitt oss piggar med kamera og ultralyd og til og med magnetiske verktøy som sjekkar røyr for lekkasje.

Piggen blir send inn i og teken ut av røyrleidningen i spesielle stasjonar som er kopla til leidningen.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 17.11.2020