Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Nedstraums

Nedstraums viser til eit område etter kjelda (startpunktet), i same retning som straumen.

I ei elv er nedstraums det som kjem etter starten av elva (til dømes eit vatn), i retninga som elva strøymer. Dersom ein står eit stykke ned langs elva og peikar opp mot starten av elva, snakkar ein om oppstraums.

I ein produksjonsbrønn blir det litt annleis. Der er nedstraums saman med strøyminga opp og ut av brønnen, altså frå reservoaret og opp til overflata.

Dersom ein sier "nedstraums DHSV", betyr det over DHSV i brønnen.

I prosessanlegget snakkar ein om nedstraums når ein viser til noko lenger fram i prosessen, i same retning som olja eller gassen går gjennom anlegget.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 03.10.2020