Emulsjon

Ein emulsjon er ei blanding av to væsker som ikkje er fullstendig løyselege med kvarandre. Den eine væska er fordelt som dropar i den andre væska. Eit typisk døme på ein emulsjon er olje og vatn, som anten er vassdropar i olje eller oljedropar i vatn.
For å halde olje og vatn blanda må ein tilsetje ein emulgator til væska. Dette er vanleg å gjere i oljebaserte borevæsker.
Utan emulgator vil olja skilje seg frå vatnet og leggje seg på toppen når væska har stått i ro ei tid. Dette prinsippet er brukt i vanlege separatorar.
For å gjere at olja og vatnet skil seg frå kvarandre fortare, kan vi tilsetje ein emulsjonsbrytar. Emulsjonsbrytaren blir tilsett olje- og vassblandinga slik at olja slepp fri og legg seg oppå vatnet (fordi olje er lettare enn vatn).