Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Sentrifugalpumpe

Ei sentrifugalpumpe syg væske inn gjennom eit inntak og roterer ho slik at farten aukar. Væska blir ført til utløpet, der ho har høgare fart og høgare trykk enn ved inntaket.

Hovuddelane i ei sentrifugalpumpe er inntak, pumpehus, impeller og utløp.

Ein impeller består av mange skråstilte blad som er monterte mellom to sirkelforma skiver. Når han blir rotert, vil han auke farten på væska inne i pumpehuset.

Impelleren blir driven av ei aksling i midten som er montert på ein roterande motor på utsida av pumpa.

Væskeinntaket skjer i senteret av impelleren, og væska blir rotert og slengd med stor fart til utkanten av impelleren, mot pumpehusveggane. Derfrå går væska til utløpet.

Sentrifugalpumper blir ofte brukte som hjelpepumpe for større pumper og stempelpumper som treng mykje væske inn til seg.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 17.11.2020