Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

LOT

LOT er ei forkorting for det engelske uttrykket "Leak Off Test". Det er ein trykktest av formasjonsstyrken, og ein utfører testen i brønnen som er bora.

Slik blir testen gjennomført: Vi stengjer ein ventil i BOP rundt borestrengen, slik at brønnen dannar eit lukka volum. Deretter startar vi pumpa på overflata og pumpar væske gjennom borestrengen til brønnen. På den måten stig trykket inne i brønnen. Vi aukar trykket inntil formasjonen begynner å leke. Det ser vi ved at trykkstiginga flatar ut. Når formasjonen begynner å leke, har vi funne ut kor mykje trykk han toler. Dette er grenseverdien for trykk mot formasjonen, og han må ikkje overskridast når vi borar vidare i brønnen.

Etter testen blør vi av trykket og opnar BOP-en, slik at boringa kan halde fram.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 14.12.2024