Forklaringsartikkel
Mesh

Bilete: Baker Hughes Inc / CC BY-SA 4.0
Mesh er eit engelsk ord som blir brukt om eit materiale som er laga av voven, knytt eller strikka tråd. Trådane kan lagast i metall, plast, bomull og anna materiale etter behov. Når trådane blir forbundne i eit fast mønster, blir det laga ein duk med opningar mellom trådane.
Opningane i duken blir målte innanfor ein tomme (2,54 centimeter) for å beskrive kor tettvoven han er. Ein duk som har 20 hol er tettare enn ein duk med 10 hol innanfor målet. Når duken blir brukt som filter eller fiskegarn, må han ha riktig mengde opningar for å filtrere bort det som ikkje skal gå gjennom filteret eller sleppe gjennom dei minste fiskane i eit fiskegarn.