Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Trosse

Ei trosse er som eit tau, men større. Ho kan bere tyngre last enn eit tau. Diameteren til ei trosse er minst 25 millimeter. Dei største som blei laga i naturfiber, hadde ein diameter på over 400 millimeter.

Det har blitt vanlegare med nylontrosser fordi dei er meir elastiske, og dei største kan bere over 1 000 tonn.

Trosser blir brukte til å feste (fortøye) eit skip til ei kai eller eit anna skip og til sleping.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 15.06.2021