Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Porøsitet

Porøsitet er eit mål for kor stor del av eit materiale som består av porer (holrom). Porøsitet utgjer ein del av massen og blir målt som ein verdi mellom 0 og 1, eller som ein prosentdel.

Typiske porøse materiale er bomullsstoff, svampar, skumplast og isopor.

Sedimentære bergartar kan ha ein porøsitet på rundt 40 prosent. Porøsiteten varierer ut frå korleis bergarten er danna, og ut frå partikkelstorleik og partikkelsortering, bindingsmateriale og kor mykje forureining frå andre materiale det er i bergarten.

I reservoarbergartar er porene fylte av vatn, gass eller olje.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 17.11.2020