Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

DP – dynamisk posisjonering

DP er ei forkorting for engelsk "Dynamic Positioning". DP er eit datastyrt navigasjonssystem som bruker satellittkommunikasjon for å halde fartøyet i same posisjon uansett bølger, vind og straum i havet.

Datasystemet bruker informasjon frå satellitten til å justere posisjonen ved hjelp av sidepropellar (engelsk "thrusters") for å halde fartøyet i posisjon. På denne måten kan eit boreskip, ein borerigg eller eit produksjonsskip halde seg rett over brønnen utan å bruke anker.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 12.09.2024