Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Forklaringsartikkel

Fingerbord

Fingerbord er ei fornorsking av det engelske ordet fingerboard. Fingerbordet er ei ramme som ser ut som sprikjande fingrar. Det skal sikre borerøyr som står lagra inni boretårnet, slik at dei ikkje kan falle inn i midten.

Fingerbordet er montert om lag 20 meter opp frå golvet i boretårnet. Det består av ei ramme laga av stålbjelkar med mellomrom og opning inn mot midten av boredekket. Røyra blir leidde inn mellom bjelkane og blir sikra med ein vippeklaff.

Når ei lengd med borerøyr skal hentast ut, blir berre den eine lengda frigjord frå låsen og henta ut med elevatoren i tårnboremaskina.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 14.06.2021