Forklaringsartikkel
Tripleks stempelpumpe

Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Slampumpene offshore må kunne levere store volum med høgt trykk til brønnen. Til dette bruker vi fleire tripleks stempelpumper som blir køyrde samtidig.
Triplekspumpa har tre stempel som blir drivne att og fram i kvar sin sylinder ved hjelp av pumpemotoren. Rørsla til stempelet trekkjer inn væske frå sugesida og skyver væska ut att på leveringssida.
Fordelen med ei triplekspumpe er at ho leverer frå kvart stempel etter kvarandre med litt overlapp. Det gjer væskestraumen til ein stabil straum utan trykkpulsar.
I tillegg er det montert ein pulsdempar på utløpet frå pumpa, som også dempar slaga. På den måten blir væskestraumen i brønnen jamn.