Forklaringsartikkel
MD – measured depth
Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
MD er ei forkorting for det engelske uttrykket "measured depth". På norsk seier vi målt djupn, men det er eigentleg ei målt lengd, ikkje eit djup.
Offshore blir lengda på brønnen målt frå boredekket til botnen i holet. Lengda i ein brønn kan vere mange tusen meter, dei lengste brønnane er rundt 13 000 meter. Målet blir brukt for å rekne ut både kor mange røyr som må til for å nå botnen, og kor mange liter væske som må til for å fylle brønnen.
Eit anna viktig mål i brønnen er den vertikale høgda. Ho er viktig for å rekne ut hydrostatisk trykk i væska i botnen av brønnen. Vertikal høgd er oppgitt som TVD, forkortinga for det engelske uttrykket "true vertical depth".
Normalt er vertikal høgd i brønnane mellom 1 500 og 4 000 meter.