Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Svellpakning – swellpacker

Svellpakning, eller "swellpacker" på engelsk, er ei pakning i brønnen som har som oppgåve å tette igjen på utsida og vere open innvendig.

Svellpakninga er eit røyr med gummielement på utsida. Gummien reagerer med væske (olje eller vatn) og svell i storleik til han tettar mot den utvendige grensa (brønnen).

Denne pakningstypen blir brukt i reservoarsona der det skal isolerast mellom to soner, ofte for å hindre vatn frå å følgje med olja til overflata.

Ei svellpakning kan òg brukast for å isolere bort eit hol i eit produksjonsrøyr. Då blir det sett ei lengd røyr innvendig i det skadde røyret med svellpakning over og under holet. Når gummien tettar mot det ytre røyret, er skaden isolert bort. Det negative med denne løysinga er at brønnen har fått ein mindre indre diameter.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 18.11.2020