Forklaringsartikkel
Ppm
Ppm er forkorta frå engelsk "parts per million". Det er ei måleining som viser eit tal som delar av ein million og blir brukt når det er snakk om svært få delar i ein stor del.
Eininga ppm blir brukt for å fortelje noko om konsentrasjonen av eit stoff i eit anna, særleg når det er viktig å ha orden på dei minste delane. Det kan dreie seg om konsentrasjon av syre i vatn, CO₂ i atmosfæren, osb.
Typisk kan vi telje partiklar av forureining i vatn for å finne ut om det er godkjent som drikkevatn før det går ut til kunden. Då er det svært små konsentrasjonar av partiklar som er tillatne.
Det er òg vanleg å oppgi konsentrasjonen i volum som ml/m³ eller i masse som mg/kg.