Forklaringsartikkel
Boreparameter
Boreparameter er eit samleomgrep for verdiar som er viktige å overvake under boring. Dei vanlegaste er:
borefarten, som beskriv framdrifta og blir omtalt som "rate of penetration" (ROP)
vekta på borekrona, som blir omtalt som "weight on bit" (WOB)
friksjonen som oppstår mellom holveggen i brønnen og rotasjonen på borekrona, som blir omtalt som "torque"
Dersom det oppstår endringar i boreparametrane utan at det er endra på noko frå overflata, som til dømes vekta på borekrona eller endringar i eigenskapane til borevæska, kan det bety at ein borar inn i ei høgtrykkssone eller får kick inn i brønnen. Slike endringar er tidlege varsel og gjer at ein kan korrigere barrierane slik at det ikkje oppstår ei uønskt utstrøyming frå brønnen.