Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Sikker-jobb-analyse (SJA)

Ein sikker-jobb-analyse er ein systematisk gjennomgang av arbeidsoppgåver og arbeidsstad før oppstart av eit arbeid som ikkje er vanleg rutinearbeid. Til vanleg blir dette omtalt som ein SJA.

Formålet er å oppdage og deretter fjerne eller kontrollere risiko, slik at ein unngår skade på menneske, miljø eller utstyr.

Arbeidsoppdraget blir delt opp i mindre element som blir gjennomgått i detalj av dei som skal utføre arbeidet, og områdeansvarlig. Dersom det blir oppdaga moglege faresituasjonar, kan arbeidsoppdraget endrast før jobben blir begynt.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 06.12.2024