Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Borestreng

Borestrengen består av mange borerøyr og nokre vektrøyr som er skrudde saman til ei lang lengd med røyr. Borestrengen blir brukt til å føre borekrona eller anna verktøy ned i brønnen. Han fungerer som sambandet til overflaten, der aktiviteten i brønnen blir styrt frå.

Når aktiviteten i brønnen er noko anna enn boring, blir borestrengen ofte omtalt som arbeidsstreng, til dømes når arbeidet i brønnen er å køyre inn ein kompletteringsstreng.

Det er mogleg å pumpe væske innvendig i borestrengen slik at det kjem ut gjennom botnen. Det gjer at vi kan sirkulere væske gjennom heile brønnen til overflata.

Ein boresteng som er sett saman av røyr, kan gå meir enn 12 000 meter frå boredekket.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 01.10.2020