Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Toolbox talk

Toolbox talk er eit opphavleg engelsk uttrykk som beskriv ein mellombels stopp i arbeidet. Han skal gi rom for samtale mellom alle involverte om eit oppdrag som ikkje er rutinearbeid.

Dette er ein sikkerheitssamtale der alle som jobben vedkjem, blir informerte om kva som skal gjerast og kven som skal gjere det. Samtalen skal òg avklare kven som har ansvar undervegs i oppdraget.

Det er godt høve til å stille spørsmål i ein toolbox talk. Denne typen kommunikasjon blir rekna som eit godt HMS-tiltak som hindrar misforståingar og feil utføring.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 18.11.2020