Kryssproduksjon
Kryssproduksjon kan oppstå når ein brønn har flere greiner ut i reservoaret og det er ulike trykk i reservoarområda som greinene dekkjer.
Produksjonen fra greina som har høgare trykk, vil gå inn i greina med lågare trykk i staden for å gå opp i produksjonsrøyret til overflata.
For å hindre det blir det installert strupeventil i kompletteringa.
Når alle greinene har om lag likt innstrøymingstrykk, vil dei produsere olje til overflata samstundes. Det gjer at reservoaret blir tømt på ein betre og meir jamn måte.
Kryssproduksjon kan òg oppstå i manifolden på overflata der strøyminga frå fleire brønnar møtest. Den brønnen som har høgast trykk, vil hindre dei andre brønnane fra å strøyme inn i manifolden. Då brukast ein strupeventil i røyret fra høgtrykksbrønnen inn til manifolden.