Forklaringsartikkel
Kontrollinje

Bilete: Talisman Energy Norge AS / CC BY-SA 4.0
Ei kontrollinje er ei kommunikasjonslinje som fører eit signal frå eitt punkt til eit anna. Linja kan vere eit røyr til væske eller luft eller ein kabel til andre typar signal.
Det er vanleg med hydrauliske, pneumatiske eller elektriske signal eller lyssignal. Signalet blir brukt for å starte, stoppe, justere, opne eller stengje noko i den andre enden.
Hydrauliske kontrollinjer blir til dømes brukte til å styre ventilar i ein BOP, i ein brønn, i ventiltreet eller i eit prosessanlegg.
Elektriske nediholspumper (ESP) bruker straumførande kablar. Nokre typar portar som blir installerte i brønnen, bruker lyssignal gjennom ein fiberoptisk kabel.