Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Byggje vinkel i brønn

Å byggje vinkel i ein brønn vil seie å endre vinkelen på brønnen frå vertikal (0°) mot horisontal (90°). Brønnane blir bora frå eit sentralt utgangspunkt der plattformen eller havbotnramma skal stå.

Brønnen blir først bora vertikalt for å danne grunnlaget for forankringa. Når forankringa til brønnen er sett, kan boringa begynne å rette seg utover og nedover mot reservoaret. Verktøy som er nedst i borestrengen, i BHA (bottom hole assembly), kan endre vinkel og retning undervegs i boringa.

Vinkelendringa skjer gradvis over fleire titals meter per vinkelgrad, heilt til brønnen oppnår den ønskte vinkelen. Deretter blir brønnen bora framover i den same retninga til reservoaret. Dei fleste brønnane blir bora i ei horisontal retning gjennom reservoaret.

Skrive av Sissel Paske.
Sist oppdatert 23.09.2020