Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Hydratplugg

Ein hydratplugg er is som oppstår når ei blanding av vatn og lette hydrokarbonsambindingar, til dømes metangass, kjem i eit miljø med høgt trykk og temperatur under 20–30 °C.

Hydratpluggar kan oppstå i samband med brønnservice på levande brønnar og under
produksjon og transport av olje og gass. Hydratpluggar kan tette røyr og blokkere ventilar, slik at det ikkje er mogleg å bevege dei.

For å hindre danning av hydratpluggar pumpar ein frostvæske inn i brønnen.

Har det først oppstått ein hydratplugg, kan det ta fleire veker – iblant fleire månader – å fjerne han. Det er fordi det er ei kjemisk sambinding som er mykje sterkare enn vanleg is.

For å fjerne ein hydratplugg kan ein bruke fleire ulike metodar, mellom anna trykkavlasting, oppvarming, kjemikaliar og mekanisk fjerning.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 24.09.2020