Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Gelpad

Gelpad er eit engelsk ord som vi bruker om ei lita mengd viskøs væske som blir brukt føre eller mellom ulike væsker som skal pumpast inn i ein brønn. Gelpaden dannar eit skilje mellom væsker for å hindre at dei blandar seg. Han blir òg brukt for å hindre at gass og væske blandar seg i ein brønn. Gelpad blir òg omtalt som viskøs pille, som betyr ei lita mengd viskøs væske.

Ein kan bruke gelpad når ein skal syrevaske ein brønn. Då klargjer ein gelpaden i ein liten tank på dekk, og syra blir gjord klar i dei større tankane. Når ein startar pumpene, pumpar ein gelpaden først og deretter syra. Når gelpaden kjem ut av borerøyret i botnen av brønnen, begynner han å skyve olja i brønnen framom seg og ut av brønnen. Då vil ikkje syra blande seg med olja.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 02.10.2020