Drifte

Å drifte eit røyr betyr å kontrollere at diameteren på røyret ikkje er for stor eller for liten.
Eit røyr som skal inn i ein brønn, bør driftast både utvendig og innvendig. Røyret skal passe inn i brønnen, så den ytre diameteren må ikkje vere for stor. I tillegg må vi passe på at det er plass til utstyr som skal på innsida av røyret.
Ei drift er laga med særs nøyaktige mål, det vil seie at ho er innanfor nokre toleransegrenser. Drifta blir sliten av bruk og må derfor sjekkast og godkjennast jamleg.
Drifta for ytre diameter skal sjekke at røyret ikkje er for stort. Ho er utforma som eit røyr og blir trekt utanpå det røyret som skal sjekkast. Ei utvendig drift skal ha godkjend toleranse innvendig.
Dei same krava gjeld for den innvendige drifta, som er ei stong ein skyv gjennom røyret.