Forklaringsartikkel
Fødepumpe (sentrifugalpumpe)

Bilete: Mukund275 / CC BY-SA 4.0
Ei fødepumpe er ei pumpe som leverer væske frå ein tank fram til ein motor eller ei større pumpe. Fødepumpe kan òg omtalast som matepumpe. Oppgåva til ei fødepumpe er å sjå til at mottakaren alltid har væske strøymande inn til seg frå tanken.
Offshore er det ei sentrifugalpumpe som er fødepumpa for slamsirkulasjonssystemet. Ho står mellom borevæsketankane og dei store Triplex-pumpene som skal levere borevæske til brønnen.