Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Korrosjonsinhibitor

Korrosjonsinhibitor er eit tilsettingsstoff som reduserer eller forseinker korrosjonsskade på metall.

Tilsettingsstoffet kan danne ein beskyttande film på overflata av metallet, eller danne kjemisk binding med skadelege stoff i væska som omgir metallet.
Til dømes blir korrosjonsinhibitor brukt i betongblanding som skal dekkje armeringsjern, slik at ikkje betongen korroderer armeringsjernet.

I produserande brønnar offshore er det vanleg å pumpe inn (injisere) kjemikaliar som følgjer olja til overflata. Kjemikaliane skal hindre at røyret, der olja går på innsida, blir utsett for korrosjon.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 24.09.2020